Om oss
Styret i Hardanger Sidermaraton er sett saman av personar frå ulike delar av Hardanger med erfaring frå løp, kulturarrangement, festivalar, frivillig arbeid, lokalmat, siderproduksjon, hotell og reiseliv.
Anna Gursli Langesæter
Styreleiar frå Lofthus
Dagleg leiar i Hardanger Siderprodusentlag. Engasjert i mykje, m.a. Hardanger internasjonale siderfest og Hardanger Musikkfest. Ikkje så god på å springa, men er tidlegare norgesmeister i Morellsteinspytting (fem gonger).
Johanna Valland
Styremedlem frå Norheimsund
Sprudlande og idérik løps- og kulturentusiast som ofte har 1000 epler i lufta. Har arrangert Bygdalarm i ei årrekke.
Ida Sørheim
Styremedlem frå Norheimsund
Ida er ein engasjert kultur- og arrangementsutviklar med brei erfaring frå festivalarbeid, leiing og organisering. Ho brenn for å skapa gode opplevingar, byggja fellesskap og få folk til å møtast gjennom aktivitet, kultur og samarbeid. Ho tek med seg engasjement for lokalsamfunnet, kreativitet og eit stort hjarte for Hardanger.
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Olav Bleie
Styremedlem frå Nå
Olav driv Alde sider og familiegarden der eple har vorte dyrka sidan frukta først kom til fjorden.
Eirik Nå Aga
Styremedlem frå Nå
Eirik er betre kjend som søskenbarnet til Aga Sideri. Driv Store Naa Siderkompani og garden Store Naa, på Nå. Fell under kategorien hund når det gjeld løping; vert fort motlaus, så sant det ikkje er ein ball å springe etter. Tidlegare skredløpsgeneral x5, og levande oppteken av levande bygder.
Christer Økland
Styremedlem frå Øystese
Profesjonell når det gjeld mat, sider og vin. Glad (og litt gal) amatør når joggeskoa er på.
Mathias Dahl Ellingsen
Styremedlem frå Øystese
Løps- og kulturentusiast. Likar å springa og drikka vin.
Eirik Kvarv
Styremedlem frå Øystese
Er glad i å springa langt og lenge. Er med på å arrangere ulike løp lokalt og likar ofte å delta i desse sjølv.