Hardanger
Sidermaraton
26. juni, 2027
↓
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Noregs vakraste og mest velsmakande maraton
Hardanger Sidermaraton er eit nytt arrangement der kultur, opplevingar og smakar står i fokus. Løpet går mellom fruktgardane på vestsida av Sørfjorden. Detaljar om løypa, dei ulike stoppa og anna praktisk info kjem 1. desember 2026. Meld di interesse om du vil vera blant dei fyrste som får sjansen til å melda seg på. Fram til då kan du besøka Visit Hardangerfjord sine nettsider for overnatting og andre kjekke ting i Hardanger.
Vil du delta?
Meld di interesse no, så tek me kontakt når påmeldinga opnar
Vil du hjelpa til?
Me er avhengige av mange frivillige for å kunne gjennomføre dette arrangementet. Det er behov for mellom anna trivselsvakter, baktropp, løypevakter, og andre vakter både på dagtid og kveldstid. Vil du bidra? Ta kontakt!
Vil du samarbeida?
Me treng samarbeidspartnarar. Me set pris på alle som vil vera med. Både store og små.
Kvar går løpet?
Løpet tek deg frå gard til gard på vestsida av vakre Sørfjorden i Hardanger. Løypa, som er om lag 22 km lang, går på veg, sti og traktorveg, tett på Hardangerfjorden og gjennom landskapet der eple og sider har vore ein del av kulturen og næringa i generasjonar. Undervegs møter deltakarane ti stopp der lokale produsentar byr på sine produkt. I tillegg vil det vera stopp med både lokalmat, musikk eller andre kulturelle innslag.
Detaljane om løypa vert publisert her 1. desember 2026.
Bankett
Eit godt løp er ingenting utan ein god bankett med god mat og drikke etterpå. Me samlast for å skryta av kor bra løpet gjekk, bortforklara kvifor det ikkje gjekk som planlagt eller berre for å snakka med dei som deltok og ikkje deltok på løpet. Banketten er for alle.
Foto: Elisabeth Emmerhoff